Eg fann tilfeldigvis ut at (iallfall) nyare KDE-versjonar støttar mjuke binde strekar (Unicode-verdi U+00AD) i verktøytips. Ein mjuk bindestrek er eit teikn som vanligvis er usynlig, men som kan dela eit ord når det kjem på slutten (men ikkje får plass) på ei linja, og vert då vist som ein vanlig bindestrek.
Verktøytips / «Kva er dette?»-hjelp i KDE vert vanligvis vist med korte linjer, og lange ord fører då til altfor ujamn høgremarg. Viss me set inn mjuke bindestrekar i slike ord (her er eit eksempel: bilethandsamings program), vil teksten sjå betre ut. Eg har forresten brukt mjuke binde strekar i heile denne e-posten. (So no kan du sjekka kor godt e-post programmet ditt støttar standardane.)
Oppsummert: Eg anbefalar bruk av mjuke bindestrekar i lange ord i verktøy tips i KDE.