Eg prøver å setja opp KBabel på datamaskinen min. Der er det no Red Hat 9.0. Eg har fått Kbabel til å virka, men eg får ikkje lov til å laga ei ordliste ut frå dei eksisterande omsetjingane. Problemet er tydelegvis at KBabel treng Berkeley DB2 for å laga denne databasen, og det er ikkje DB2 med RedHat. Er det nokon måte å løysa dette på?