KDE SC 4.4.0 kjem ut i morgon (eller deromkring), og ting er no flytta rundt i KDE-SVN, slik at «stable» svarar til KDE 4.4.x, og «trunk» til KDE 4.5.x. Dette er som vanlig ikkje noko me treng bry oss om, sidan me arbeidar med omsettingsfiler som inneheld «unionen» av desse, men statistikken er iallfall oppdatert til å reflektera endringa:
http://l10n.kde.org/stats/gui/stable-kde4/team/nn/ http://l10n.kde.org/stats/gui/stable-kde4/team/nb/
Både nynorsk og bokmål ligg rimelig godt an, men bokmål har framleis eit forsprang …
I dag har eg oppdatert alle omsettingsfilene med dei nyaste malane. Resultatet er at veldig mange tekstar som berre fanst i KDE SC 4.3.x er vekke (dei finst gjerne i KDE SC 4.4.x, med med mindre endringar, som retting av skrivefeil) og nokre omsettingsfiler har fått nye namn, eller er fjerna. Alt i alt er det altso no litt færre tekstar å omsetta for nå 100 %.
For øvrig er visst ein del nytt og flott i Lokalize i KDE SC 4.4.0, og mange feil er retta.