Eg oppgraderte nett Debian-installasjonen min til 3.0. Eg oppdaga at dei ymse locale.alias og locale.dir-filene rundtomkring ikkje hadde definert locale-aliasa nn og nn_NO (dei hadde nynorsk, no_NY og slikt), så eg laut leggja det til manuelt for at nynorske omsetjingar skulle virka ordentleg. Er det noko Skulelinux-prosjektet har tatt på seg å ordna opp i, eller skal eg senda ein feilrapport til Debian?
Hvorfor mener du at du trenger oppføringer i locale.alias og/eller locale.dir?
Fordi elles klagar X på at Xlib ikkje støttar localet, og nynorskomsetjinga av Galeon og ymse andre GNOME-program blir berre brukt sånn innimellom. I tillegg gjer det at Galeon gjerne krasjar på seg, men det er ei anna sak.
Det som trengs er å oppdatere /etc/locale.gen, og deretter kjøre locale-gen for å generere de ønskede locale-filene.
Der er så vidt eg kan sjå alt i orden, men det hjelper ikkje X. Elles kan eg nemna at nb_NO ikkje er i lista «dpkg-reconfigure locales» gir meg.
Alias bør kun brukes av kompatibilietsgrunner.
Jeg tror ikke det er
behov for et 'nn'-alias, og nn_NO er jo navnet på nynorsk-localet, så det trenger helt sikkert ingen alias.
Nei, namnet er i aliasfilene «nn_NO.ISO-8859-1», eller «nn_NO.ISO8859-1» i X sitt tilfelle. Utan alias-oppføringa i X si locale.alias fungerer ikkje nn_NO-localet som det skal.