Torsdag 17 august 2006 22:51 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg skal vera kort. Programmet BasKet støttar ein ny og, etter mi meining, heilt fantastisk funksjon av tilbakemeldingar på program. Sjå http://basket.kde.org/likeback.php for bilde og forklaring, og last gjerne ned programmet (SVN-utgåva, så får de testa nynorskomsettinga mi òg) og prøv sjølv.
Eg har berre brukt BasKet nokre dagar, men har allereie sendt inne mange tilbakemeldingar og feilrapportar, på alt frå bittesmåfeil til noko større problem. Når det er *so* kjapt og enkelt, er det jo nesten berre gøy (og takkemeldingsdialogen etter ein har sendt ei tilbakemelding er jo so kjekk å få). Ja, dette er noko heilt anna enn (grusomme, IMHO) Bugzilla. At eg knapt nokon gong har tatt meg bryet med å bruka Bugzilla, men har sendt mange tilbakemeldingar med LikeBack skulle vera bevis nok.
Og dette fekk meg til å tenka. Er ikkje dette det *perfekte* verktøyet for tilbakemeldingar på omsettingar? Ha eit liknande «Meld frå om feil/forbetring på omsetting»-ikon i alle vindauge lett tilgjengelig. Eg er sikker på at me hadde fått mange nyttige tilbakemeldingar, slik at omsettingane våre hadde blitt mykje betre.
Viss andre synest dette hørest ut som ein god idé, vil eg foreslå det for utviklaren av BasKet og LikeBack.
Dette ser verkeleg ut som eit flott verkty. Når det er sagt, så ser det ut som om det allereie er meint å brukast for omsetningsfeil i tillegg til andre feil, sjå kommentaren eit stykke ned på sida der han omtalar locale-oppsettet. Dette kan sannsynlegvis opplysast om på ein betre måte.
Mvh, Lars Ivar Igesund