Åsmund Skjæveland skreiv:
OK. Vil dette altso seia at me ikkje kan ha med ord som inneheld bindestrek i ordlista? Eksempel: e-post, u-land, p-pille.
I Evolution har ein byrja å skriva "email" i staden for "e-mail".
Og merk at dette står i engelske ordbøker (eks. OED og Collins).
Eg hadde gjerne sett at det same vart gjort på norsk, men det må vel gjennom Språkrådet det også?
Ja. Og det tvilar eg på at går, iallfall med det første. Sjå elles:
http://www.sprakrad.no/templates/Page.aspx?id=634#e-post2 og http://www.sprakrad.no/templates/Page.aspx?id=168 (siste avsnitt)
Sjølv likar eg «e-post» godt.