Den 19. mai. 2009 kl. 11.53 skrev Kevin Brubeck Unhammer:
[HFST] Does not implement yet another finite-state calculus, but rather utilizes existing free open source implementations: SFST, OpenFST [...]
frå ein veldig bra presentasjon som du finn lenkje til på http://wiki.apertium.org/wiki/HFST , der står det au kva som krevst om du vil prøve ut den finske HFST-en. Sjå http://packages.debian.org/sid/sfst for SFST-pakken. (HFST er vel meir ein «plattform» enn ei pakke?)
HFST er ein abstraksjon og kompatibilitetsnivå over to andre transducerimplementasjonar: * SFST * OpenFST
Kompatibiliteten ligg i å gjera dei to andre implementasjonane i stand til å lesa kjeldefiler i formatet til de facto-standarden, dvs i LexC- formatet brukt av Xerox sin kommersielle transducerteknologi.
SFST er ein tradisjonell transducerkompilator, og OpenFST (frå AT&T/ Bell laboratories) er ein vekta transducerkompilator. Detaljane kan vi hoppa over her, men vekter betyr m.a. at det er mogleg å laga ein transducer som returnerer t.d. forslag til rettingar ferdig i prioritert rekkjefylgje (dvs med ein transducer brukt som stavekontroll) - ein treng altså ikkje postprosesserera forslaga for å sortera dei, og heller ikkje leggja inn komplekse algoritmar for dette formålet - vektinga og dermed rekkjefylgjen er ein del av språkmodellen... Det burde gje ein svært rask og fleksibel stavekontroll, og det er den vekta transducerteknologien vi satsar på i stavekontrollprosjektet med Helsingfors universitet.
Abstraksjonen gjer det òg relativt enkelt å byta ut eller komplementera SFST eller OpenFST med andre transducerkompilatorar i framtida, så ein er ikkje låst til dei to kompilatorane nemnde over.
Beste helsing Sjur