Måndag 20. januar 2003 10:59 skreiv Åsmund Skjæveland:
Her og der i po-varianten av Konqueror-handboka er det referansar til "tabbed browsing". Kva er det på grautmål, og har faktisk Konqueror den slags fasilitetar? Eg har ikkje observert det i KDE 2.2.2, 3.0.2 eller 3.0.3.
Nytt i KDE 3.1, og det er hjelpeteksten til 3.1 du jobbar med. I grensesnittet har eg kalla «tab» for «fane»: «Ny fane», «Lukk fana», osv. Noko eige uttrykk for «tabbed browsing» har eg ikkje vore borti.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes