06.10.01 18:17:23, skreiv Ragnar Wisløff ragnar@wisloff.no:
Jeg tok ned de siste filene fra cvs-treet til KDE (tror jeg da, var her: ftp://ftp.kde.org/pub/kde/unstable/CVS/snapshots/current/kde-i18n
Pakket ut, bygget og installerte. Det er endel forskjeller på hva som lå i de filene og hva som ligger i Skolelinux' cvs-tre. En ide å legge inn en våre versjoner hos KDE?
Du har fått tak i utviklingsversjonen av KDE (HEAD i CVS). Omsetjingsarbeidet har i det siste gått føre seg i ei eiga utviklingsgrein (KDE_2_2_BRANCH). HEAD har levd sitt eige liv sidan KDE 2.2 kom ut tidleg i august, og siktar mot KDE 3. KDE 2.2.2 vil koma i november, så Skulelinux-omsetjingane ligg difor framleis i KDE_2_2_BRANCH.
Når KDE 2.2.2 er ute og HEAD er nokonlunde stabilt (ikkje så store endringar frå dag til dag), kan me kopiera over omsetjingane frå KDE_2_2_BRANCH. Dei vert då automatisk oppdaterte med dei nye POT-filene, og arbeidet med å oppdatera omsetjinga til neste KDE-utgåve kan starta.
Omsetjingane våre ligg altså i KDE-CVS, men ikkje i utviklingsversjonen enno.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes