Vil ta opp ordet 'theme' og 'skin' igjen. Eg har no gått over til 'tema' i nynorskutgåva av Mozilla. Men so ser at nynorskutgåva av Mozilla brukar 'bunad' og 'drakt' (litt blanding). Dette synest eg er eit godt ord.
Det hadde vore greitt om me alle vart einige om kva omsetjing me skal bruka. Her dei alternativa me har å velja mellom (fleire?):
Tema Skal Ham Skinn Hud Bunad Drakt
Sjølv likar eg best 'bunad' og 'drakt' -- aller helst 'drakt', då det er kortare og kjennast litt mindre «nasjonalromantisk».