Til orientering vert terminologi- og omsetjingsportalen til Microsoft lagd ned 30. juni: https://www.microsoft.com/en-us/language
I denne portalen har me til no kunna søka opp omsetjingar og originaltekstar for alle Microsoft-programma. Det har vore nyttig for å finna ut kva engelske dataord *har* blitt omsett til (sjølv om me ikkje alltid følgjer Microsoft i omsetjingane våre), så det er synd portalen vert lagd ned.
Heldigvis kan me fram til 30. juni lasta ned terminologifilene for bokmål og nynorsk: https://www.microsoft.com/en-us/language/Terminology
Filene er i TBX-format og er overraskande små (om lag 15 MiB for bokmål og 5 MiB for nynorsk), så eg mistenker at dei ikkje er fullstendige. Om ein føretrekker PO-formatet, kan ein enkelt bruka tbx2po frå Translate Toolkit til å gjera dei om. (Og frå PO kan ein lett gjera dei om til andre format igjen.)