Karl Ove Hufthammer skreiv 14.01.2026 20:11:
Dei handfull med medlemmar som ikkje lenger får meldingar frå lista, har éin ting til felles: Dei har Domeneshop som e-postleverandør. Ser altså ut til at Domeneshop har valt å bruka spam.fail til spam-kontroll. Så alle som har Domeneshop som leverandør, får all e-post frå lista blokkert.
Kjetil Sørlund har vore i kontakt med kundestøtte på Domeneshop, som sa at dei ikkje kunne gjera noko.
Sidan Domeneshop ikkje kan/vil gjera noko og spam.fail framstår som lite ansvarlege, er det lite me kan gjera. Kanskje då utanom å oppfordra til å velja nokon *annan* enn Domeneshop som sin e-postleverandør. (De som mottar denne meldinga, har alt gjort dette!)
Eg fekk i dag *endeleg* (etter ni dagar) svar frå spam.fail, og dei har no fjerna svartelistinga av e-postlistene. Det viste seg forresten at det var Domeneshop sjølv som stod bak den heller anonyme spam.fail-tenesta.
De som er Domeneshop-kundar kan lesa meldingane de har gått glipp av i det siste, i arkivet til e-postlista: http://lister.huftis.org/pipermail/l10n-no-huftis.org/