Måndag 05 november 2007 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Er det ikke mulig å først kjøre sed på alt og først deretter melde inn alt sed har endret?
Jo. Men eg må kjøra sed på éi fil om gangen (grunna nokre problem med avsluttande linjeskift), slik at det vert to lykkjer som gjer ting på dei same filene.
Eg har no (prøvd) å fiksa det slik at skriptet fungerer som skildra ovanfor. Det kjem no altso berre éi melding om endringar for kvar mappe (messages eller docmessages), i staden for éi for kvar omsettingsfil som vert endra. Håpar dette skal gjera ting meir levelig.
Samtidig har eg oppdatert til blodferske gettext 0.17. Begge desse endringane kan potensielt ha ført til problem, so ver gjerne litt obs. og dobbeltkontroller at alt ser ut til å vera i orden med omsettingsfilene.