On Tue, 2007-11-13 at 23:07 +0100, KolbjXrn StuestXl wrote:
(apropos teiknsettrøbbel er det litt rart at det framleis finnest folk som køyrer programvare som ikkje handterer norske teikn. på tide å skifte til Thunderbird, KolbjXrn? :-)
Fellesordlista har (framleis) convolve -> konturhindring, med litt forklaring. Verktøyet heiter i GIMP "Convolve (Blur/Sharpen)". Difor har eg førebels kalla det "slør/skjerp" på norsk. Meiner "konvolv(ering)" blir for teknisk for dei fleste brukarane, men kan sjølvsagt likevel vere brukbart. Noen andre forslag?
eg har berre GIMP 2.2 her, men der vert ikkje ordet Convolve brukt etter det eg kan sjå? under "Filter -> Generic" har ein "Convolution Matrix...", og *der* bør ein bruke det tekniske ordet. poenget her er at konvolveringa gir svært forskjellig resultat utifrå verdiane i kjernematrisa -- slør og skjerp er same operasjon, men med ulike matriser. med "Convolution Matrix" får du altså fritt velje alle verdiane.
åja, no ser eg også
Convolve Type (*) Blur ( ) Sharpen
her kan ein etter mitt syn omsetje slik:
Retning (*) Slør ( ) Skjerping
eller
Kantprosessering (*) Slør ( ) Skjerping
når det gjeld "konturhindring", er det eit nytt ord for meg, men eg er ikkje signalhandsamar. Google seier at det kun er vi som brukar det ordet...