For å gjere det enklare å samordna omsetjongane av LibreOffice, har eg laga ei liste over funksjonsnamna brukte i LibreOffice Calc (reknearkdelen av programmet). Du finn lista på nettsida http://www.stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php
Lista er sett opp nokså nær alfabetisk etter dei engelske namna. Det er ført opp omsetjingane til nynorsk og bokmål. Dessutan er det tatt med kva dei tilsvarande funksjonane er kalla på bokmål i Excel. (Excel finst ikkje på nynorsk etter det eg veit). Eg har ikkje vore heilt systematisk når det gjeld å kontrollere bokmålsversjonen i LibreOffice, så truleg finn du feil der. Sidan eg ikkje har Excel sjølv, finn du truleg også nokre feil i den avdelinga. Alle opplysningane er henta frå Internett.
Eg har førebels ikkje fått tid til å gjera noko med namna på dei trigonometriske funksjonane og dokkingane som er diskuterte tidlegare i dette forumet.
Lista er sett opp ut frå LibreOffice versjon 6.4.4.2.
Helsing Kolbjørn