Den 29.09.2014 15:39, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
On Sat, 2014-09-27 at 21:28 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Veit ikkje om det er liv i dette forumet, men eg prøver. I LibreOffice Impress (program for mellom anna å lage lysbilete, presentasjonar) kan ein setje inn såkalla "connectors", dvs. linjer som går frå eit festepunkt på eitt objekt til eit festepunkt ("gluepoint") på eit anna objekt. Objekt kan vere t.d. ei teikning eller ein figur. Om du flytter ein av figurane, blir også sambandslinja flytt. Dette i motsetnad til vanlege linjer, som ikkje følgjer med i flyttinga. (Du kan få dei fram ved å setje inn to objekt i eit lysbilete i Impress, trykke på den vesle trekanten etter knappen sambandslinjer/forbindelseslinjer i menylinja).
- I nynorskutgåva av LibreOffice er "connector" omsett med «sambandslinje», på bokmål med «forbindelseslinje», svensk: «linjeförbindelse», dansk: «linjeforbindelse», tysk: «Linien-Verbinder». (Det er desse språka eg har oppe til samanlikning når eg omset LibreOffice til nynorsk). (Dette er den øvste linja i menyvalet)
- I tillegg bruker den engelske originalen også "line connector", som er omsett med: nynorsk: «sambandslinje», bokmål: «linjeforbindelse», svensk: «linjeförbindelse», dansk: «linjeforbindelse», tysk: «Linien-Verbinder». (Dette er den andre linja i menyvalet).
Connector-typane gjer stort sett det same: lagar linjer mellom objekta. "Connector" koplar saman festepunkta med vassrette og loddrette linjer, medan "line connectors" også kan ha skrålinjer. I tillegg finst det også «rette sambandslinjer» ("stright connectors") (bare rette linjer) og «bøygde sambandslinjer» ("curved connectors") (bare kurva linjer) å velje mellom.
hmm, men skrålinjene er også rette ... andre aktuelle synonym kan vere «direkte» eller «rak».
Litt presisering: Med to objekt ved sida av kvarandre er "Connectors" som oftast loddrette ut frå objekta og vassrette mellom dei. Altså først eit loddrett stykke for å kome klar av objektet, deretter eit vassrett stykke bort til det neste objektet og den siste biten loddrett igjen så langt som er nødvendig for å kome klar objektet. Linjene kan flyttast manuelt. "Line connectors" kan i tillegg gå på skrå mellom objekta i høve til loddrett/vassrett. Det enklaste er nok å prøve ut koplingane. Sjå oppskrifta ovanfor dersom du ikkje kjenner dette frå før.
I praksis er det vel eigentleg ikkje nødvendig å skilje desse to typane, men det kan vere litt forvirrande å finne dobbelt opp av «sambandslinjer» i menyen. Elles er eg usikker på om «sambandslinje» er det rette ordet her. Det skjer ikkje noe samband mellom objekta gjennom linjene. Objekta blir knytt eller kopla til kvarandre, så kanskje «koplingslinjer» eller «tilknytingslinjer» eller noe heilt anna ville vere betre. I type 2 kunne ein då for eksempel bruke «linjekoplingslinje» eller tilsvarande. Håper noen har noe å føreslå her. Vil jo gjerne gjere desse gratisprogramma så perfekte som råd er, også språkleg.
eg synest sambandslinje er eit grusomt ord. eg tenkjer med ein gong på feltradioen i forsvaret (og eg har aldri brukt ein slik feltradio).
kva med «bindelinjer»?
Eg har faktisk same aversjonen. Eg har i si tid sett opp mange militære sambandslinjer både med radio, kopartråd og ordinans. Oftast alle tre samstundes. Bindelinjer høyrest bra ut. Elles har eg kikka litt på kontaktlinjer og koplingslinjer.
Må studere dette nærare ein annan kveld. Andre gjeremål i dag. Helsing Kolbjørn