Mange takk for, som vanleg, fyldig og oppklarande svar. Då skal eg be om at det norske stilarket i GIMP blir endra etter retningslinjene våre. Først må eg sjå om det er nødvendig å endre også stilarket for nummererte lister og eventuelle andre endringar når eg først er i gong. Er for seint på kvelden nå.
Den 19.08.2024 21:53, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 19.08.2024 21:04:
Eg omset mellom anna GIMP til nynorsk. Då eg ville legge inn eit stilark for å bruke tankestrek i staden for ein fylt sirkel i punktmerkte lister ("unordered lists") i handboka, fekk eg ikkje lov til dette, men fekk i staden eit spørsmål frå ein av «vedlikehaldarane» av GIMP om kvifor eg ville ha det slik. Han viste til nokre retningslinjer han hadde funne på engelsk frå Microsoft. Eg viste til våre retningslinjer (som eg ikkje uventa ikkje fann på engelsk). Eg oppdaga då at der er det brukt prikk i punktlistene, unntatt i eksempelet som viser bruk av tankestrek.
Det er av tekniske grunnar. Det var før ikkje mogleg å få typografisk rett vising på ein påliteleg måte. Men ny CSS-standard og forbetra nettlesarar er det mogleg, og eg har no retta det for alle sidene våre. Her er den tekniske løysinga:
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/commit/b4c1e11f10b9c25ce2592f8dadc7...
Ser at Språkrådet https://sprakradet.no/klarsprak/sprak-i-lover-og-forskrifter/skriverad/struktur-i-lover-og-forskrifter/punktlister/t også bruker punkt når dei omtaler punktlister.
Språkrådet brukar standard HTML utan tilpassingar, og då vert det automatisk etter amerikansk standard.
På norsk *kan* ein eigentleg bruka vilkårlege teikn (eks. 🖝) i punktoppstilling, men tradisjonell norsk typografi tilseier tankestrek. Du kan lesa meir om kva Språkrådet skriv om det i avsnitt 4.3.8 («Punktoppstilling») i boka Godt språk i lærebøker: https://sprakradet.no/wp-content/uploads/Godt-sprak-i-laereboker-Skrift-6-19...
Der brukar dei tankestrek.
For nummererte lister kan du sjå i avsnitt 4.3.5.2 («Punktum») i same bok, under «I oppstillingar». Der står det eksplisitt at det *ikkje* skal vera punktum etter nummera.
Eg las også ein eller annan staden at det skulle vere ekstra langt mellomrom mellom tankestreken og teksten viss det var råd å få det til. Hugsar ikkje kvar.
Den regelen stemmer ikkje. Du las truleg under avsnittet «Lister» i dei språklege retningslinjene våre: https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html#lister
Det kan (godt) vera ekstra langt mellomrom etter *nummera i nummererte lister* (elles kjem dei så tett på teksten etter når me ikkje har punktum). Men det skal vera *vanleg* mellomrom etter *tankestreken i unummererte lister*.
Altså: Skal vi buke prikk eller tankestrek? Skal det vere ekstra langt mellomrom etter tankestreken/prikken?
Tankestrek. Vanleg mellomrom. Bruk gjerne CSS-koden eg lenkja til ovanfor, så vert det rett for både nummererte og unummerrte lister.