Håvard Korsvoll korsvoll@skulelinux.no writes:
Hei
Eg prøver med denne eposten å samle litt av status rundt omsetjingsarbeidet i skulelinux, og kva eg meiner bør prioriterast framover.
Eg vil byrje med prioriteringslista som vi har på [1]. Dette er for KDE-program, og dei bør ha høgst prioritet sidan dei er mest synlege for brukaren. Status so langt får dei med høgst prioritet er: nn nb kdebase 99% ~100% kdelibs 100% 100% kdepim ~100% ~100% koffice 87% 100%
Her ligg nynorsk litt etter i omsetjing av koffice. Denne må prioriterast. Under arbeid med nynorsk Koffice er det svært nyttig om dei som gjer ferdig nynorsken ser på bokmålsversjonen samstundes og språkvaskar han.
Me skal gå over på KDE 3.3 temmeleg snart, så tala vil ikkje sjå fullt så fine ut då :)
Eit program som eg synes vi bør trekkje fram frå kdeextragear-1 er k3b [3]. Dette brenneprogrammet er eit av dei mest brukte programma for å brenne CD'ar i KDE og det blir aktivt utvikla. Difor føreslår eg at dette programmet blir prioritert.
Ja, K3B er fin. Eg har ingenting imot at me går laus på enkeltprogram frå kdeextragear og andre lågt prioriterte modular.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes