Den 03.06.2013 22:59, skreiv Karl Ove Hufthammer:
må. den 03. 06. 2013 klokka 22.03 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Eg har ikkje Excel 2013, men begge desse er oppgitt i norsk Excel hjelp. Eller er det snakk om to ulike funksjonar?
Funksjonen SKEW er i LibreOffice og Excel omsett til SKEIVFORDELING/SKJEVFORDELING. Det enklaste er vel då å omsetje SKEWP (Excel: SKEW.P) med SKEIVFORDELING.P/SKJEVFORDELING.P?
Det hørest heilt feil ut. Eg oppfattar det som at funksjonen reknar ut skeivheita til ein populasjon. Det rette vil altså vera «SKEIVHEIT.P» eller «SKEIVSKAP.P» (eg føretrekker det første), eller med kva prefiks de no har standardisert på.
Eg er ikkje statistikar, så eg takkar for korrigeringa. Går også for «SKEIVHEIT.P». Noen innvendingar? Noen som veit kva Excel brukar her? Kolbjørn