Karl Ove Hufthammer skreiv 05. april 2016 22:07:
Karl Ove Hufthammer skreiv 16. feb. 2016 20:58:
Til orientering har eg no starta på ei omsetting av Scratch til nynorsk. Scratch er eit enkelt men kraftig grafisk programmeringsspråk. Målgruppa er ungar i alderen 8 til 16 år, men Scratch er moro for vaksne òg.
[…]
Eg er no ferdig med omsettinga av sjølve Scratch-programmet, men det kan ta nokre veker før denne dukkar opp på Scratch-nettstaden.
Det tok ikkje berre nokre veker, men halvannan *månad* før omsettinga dukka opp. Men no er ho endeleg der, og i mellomtida fekk eg omsett heile nettstaden, så han òg er tilgjengeleg på nynorsk. Det einaste som gjenstår å omsetta, er dei innebygde «tipsa» (ein slags hjelpefunksjon).
Og no er eg endeleg ferdig med å omsetta alle tipsa og hjelpetekstane òg. Det er desse som dukkar opp når ein trykker på «Tips» i menyen eller på spørjeteiknet oppe til høgre. (Men nokre av tips og rettleiingane er berre tilgjengeleg via andre måtar, for eksempel for ulike spesialprosjekt.)
Alle omsettingane er ikkje synlege på nettstaden enno, men det vil forhåpentlegvis retta seg opp om ikkje so lenge. (Dei *fleste* er synlege. Det er berre nokre få hundre hjelptekstar + nokre språklege rettingar som ikkje er overførte enno.)
Neste steg er omsetting av bilda/illustrasjonane og videoane som høyrer til i hjelpetekstane. Det er over 1000 bilde/videoar, som må lagast til manuelt. Det vil naturlegvis ta lang tid å få alle desse på nynorsk, men eg tar litt og litt, og til slutt blir eg ferdig. :)
Elles ville anbefala å gå til https://scratch.mit.edu/ og programmera på nynorsk! :)
Og viss de finn skrivefeil, omsettingsfeil eller noko som bør forbetrast i omsettinga, berre send meg ein e-post.