Karl Ove Hufthammer:
Skriptet filtrer vekk alle unormerte ord og alle klammeformer. På bokmål finst det som kjent ikkje klammeformer lenger (dei har blitt hovudformer), men ordbanken inneheld likevel informasjon om det som før var klammeformer. Desse vert som standard filtrerte vekk. Viss bokmålsomsettarane heller vil sjå dei, er det berre å endra skriptet. Då vert for øvrig klammeformene viste i raudt.
Eg har no endra dette, slik at ein lett kan sjå klammeformene om ein vil. Her er den nye syntaksen:
ordbanken.sh språkkode grunnord kriterium1 kriterium2 kriterium3 ...
Altso som før, men viss kriterium1 er teksten «klammer», vert òg alle klammeformene viste (og koden «klammeform» vert merkt med mørkeraudt). Dette gjeld både nynorsk og bokmål.
Viss du ikkje brukar teksten «klammer» som kriterium1, fungerer programmet akkurat som før, slik at kriterium1 fungerer som vanlig filtreringskriterium.