Vyrde listemedlemmer, eg har kome over nemninga "cast". Eg reknar med at det er i tydinga å senda medieinnhald frå ei eining til ei anna. Finst det etablert omsetjing av ordet? Eg har sjølv vurdert skjermdeling, mediedeling, skjermsending. Men eg er ikkje heilt nøgd med desse vala. Vonar lista kan koma med innspel.