Eg for min del har berre lyst til å takke deg for strålande godt arbeid gjennom mange år. Eg har ikkje finlese omsetjingane i nyaste utgåva, men synest generelt at språket i Libreoffice på di vakt har vore godt, presist og ikkje i vegen for bruken. Du er verdig nokre fortenestmedaljar i edelt metall for arbeidet du har gjort. Både eg sjølv og alle som bruker nynorsk har mykje å takke deg for.
Så vil eg generelt seia at for mykje av (ny)norsk programvare avheng av enkeltpersonar som Kolbjørn og alle oss andre som puslar med omsetjing på kvar vår tue. Det er ei sårbar ordning. Eg har lenge meint at Noregs mållag burde ha fast tilsette omsetjarar, men den ideen ser ut til å vera nokså fjernt frå det mållaget ynskjer å drive med. Difor er det endå meir grunn til å både rope hurra og takk for det omsetjingsarbeidet som blir gjort rundt om, og for at det fungerer såpass bra som det gjer. Eg utropar dykk med dette til dagens heltar, alle i hop. Eit glas for dykk, og eitt til for Kolbjørn!
Helsing Eivind
Den 05.01.2023 18:47, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
LibreOffice UI og Help er nå 100 % omsett til nynorsk frå versjon 7.2 til versjon 7.4, inkludert Master. Vonleg vil omsetjingane kome med i neste oppdatering.
Eg har så langt eg har hugsa det, brukt tilrådingane i Fellesordlista https://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html, retningslinjene https://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html, Språkrådet pluss forslag frå medlemmer i dette forumet. Likevel er det nokså sikkert at det er mange feil, både skrivefeil, inkonsekvent språkbruk, misforståingar osv. Eg reknar ikkje med at nokon har tid til å korrekturlese all denne teksten, men om du bruker LibreOffice og finn feil anten i grensesnittet eller i hjelpesidene, hadde det vore fint om du sender ei melding om det til dette forumet eller til meg privat.
(Eg er klar over at Fellesordlista diverre ikkje blir oppdatert nå, men ho var til stor hjelp då ho var aktiv).
Vil tru at slike tilbakemeldingar også er ønskjeleg for bokmålsomsetjinga. Eg ser ein del feil der, men har ikkje skrivetilgang til filene der.
Helsing Kolbjørn _______________________________________________ E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org