Thomas Nygreen skreiv 13.10.2020 15:11:
Direkte omsatt blir latency til latens og delay til forseinking/forsinkelse. Det er mange typer forseinkingar i nettverk (latens er ein av dei), så det inngår som regel i eit samansett ord.
Eg har fleire gongar brukt «latenstid» som omsetjing for «latency».
Men i meir uformelle samanhenger fungerer gjerne «forseinking» («forsinkelse»).
Og i nokre samanhenger kan ein vurdera ei heilt anna omsetting enn «forseinking» for «delay» òg, for eksempel «pause», «ventetid» eller til og med «utsetjing». Alt kjem som kjent an på samanhengen.