Hei
Her er eit lite samandrag av arbeidet med omsetjing under utviklarsamlinga i helga. Eg har ikkje oversikt over alt som blei gjort, så det er nok litt ufullstendig.
Dei som var med i helga: Axel, Jørgen, Eskild, Sven Harald, Matias, Gaute, Håvard
Vi var tre nye omsetjarar der i helga. Det er svært positivt. Dei har vore litt aktive før, men dei var nye for meg iallefall. Desse var Eskild, Sven Harald og Matias. Eg håpar dei hadde det kjekt i helga, og at dei vil halde fram med å bidra også i framtida. Alle desse er bokmålsfolk, så vi har bra trøkk på bokmålssida for tida.
Det var berre meg og Gaute av nynorskomsetjarar der. Det er avgrensa kor mykje vi klarer å ta unna, så vi treng fleire folk på nynorsksida. Eg oppfordrar alle til å vere frampå for å rekruttere fleire, særleg nynorskfolk.
Vi har gjort ein kvalitetssjekk på debian-installer både på bokmål og nynorsk i løpet av helga. Omsetjingane i denne ser ut til å vere ganske bra no. Denne er viktig for skulelinux i og med at desse strengane dukkar opp under installasjonen, spesielt viss nokon treff på problem under installasjon.
Når det gjeld KDE 3.3 ligg bokmål godt an. Nynorsk heng litt etter. Men nynorsk har problem med bandbreidde. Både eg og Gaute er svært opptatte med andre ting også. Kdepim blei ferdig på bokmål i helga, og det blei jobba ein del med kde-edu. Statistikk for bokmål og nynorsk finn du her: http://developer.skulelinux.no/~gautehk/postat/head-kde-i18n/nb/ http://developer.skulelinux.no/~gautehk/postat/head-kde-i18n/nn/
Eg jobba mykje med debian-installer og har brukt resten av tida på å hjelpe dei nye godt i gang.
Helsing Håvard