Dette er ikkje noe språkspørsmål, men kanskje noen likevel er i stand til å svara meg i dette forumet, eller visa til andre, betre eigna fora.
Arbeider i Windows XP Home. Arbeider med poEdit versjon 1.3.2 for omsetting av Gimp 2.2.7.
I det siste har poEdit krasja medan eg held på med po-fila for plug-ins. Når resultatet skal lagrast, får eg feilmeldinga "4965: number of format specifications in 'msgid' and 'msgstr' does not match". Programmet nektar å lagra resultatet. Eg må tilbake til ein tidlegare lagre reservekopi, men mister altså alt som er skrive i mellomtida. Mykje bortkasta arbeid. Finst det ein måte, for ein urøynd person, å koma ut av dette på? Eventuelt andre, sikrare program som kan nyttast i Windows?
Helsing
Kolbjørn Stuestøl
--------------------------------------------------------------------------------
IKT i praksis.
IT-pedagog Kolbjørn Stuestøl Stuestøl N4580 Lyngdal webside: http://home.online.no/~kol-stue/