Eg er ny på denne epostlista, og til dels fersk når det gjeld omsetjing av programvare generelt.
Eg har bladd litt i dei språklege retningslinene for omsetjing av programvare til Skulelinux til nynorsk, og funne nokre punkt eg reagerar litt på, då særs under språknormalisering...
Øvst under punktet "Språknormalen -> Nynorsk" står det at ein skal unngå beheitelsesord. Det er jo eit flott utgangspunkt. Seinare står det at ein føretrekk "behandling" framfor "handsaming", "bestilling" framfor "tinging", osv... Det vert spesifisert at ein ikkje skal nytte ord som fell naturleg for svært mange nynorskbrukarar (Eg sjølv kjem frå Sunnfjord), som t.d. "att", "viss", "samstundes", og ein legg seg på ei line der ein oppmodar til bruk av A-infinitiv i staden for E-infintiv.. For eg går ut i frå at det er ei oppmoding det her?
Eg nyttar normalt e-infinitiv og "gamaldagse ord" som "tinging" og "samstundes", trass i at eg nett har gått ut av vidaregåande og ikkje er ein gammal barneskulerektor. Eg forstår at ein ikkje kan leggje om til E-infinitiv når omsetjinga av eit einskild program er byrja på A-infinitiv, men ein tek litt av grunntanken vekk frå nynorsk om ein skal normere språket fullstendig. For meg er det unaturleg å nytte t.d. A-infinitiv.
I Nynorsk Wikipedia (http://nn.wikipedia.org/) har vi gjort det slik at dei som tilfører ting eller rettar opp i ting på ein artikkel skal akseptere den forma artikkelforfattaren har veld å nytte. Det er gjort for å sikre mangfaldet som finnes mellom nynorskbrukarane i Noreg, og for å sikre at ingen kjenner seg "utpressa" frå å nytte oppslagsverket av di dei kjem frå feil del av landet og difor skriv ein annan form for nynorsk enn andre.
Det var ein upopulær og krass måte å verte medlem i ein ny fellesskap på :) Sidan eg er fersk er det sikkert ting eg ikkje har forstått. Vil forresten seie at de gjer ein strålande jobb!