Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:3D4D4ADF@epostleser.online.no:
Æh, etter at de no har distribuert binærutgåver, har Sun (og andre) ein juridisk *rett* til å få tak i omsetjinga.
Tja, distribuert og distribuert ... Omsetjinga er lagd ut til avgrensa testing, og er slett ikkje utgjeven enno.
Nei, men ho er tilgjengeliggjort. Viss Sun lastar ho ned, har dei rett til å få omsettingsfilene.
(Ei anna sak er vel at Sun vil ha svært lita glede av omsetjinga på dette stadiet, når ho kjem til å verta forbetra nokså mykje nokså snart.)
Uansett vil Sun ha rett til dei forbetra omsettingsfilene viss og når de tilgjengeliggjer binærversjonane. Det har altso lite for seg av Akershus fylkeskommune å prøva å halda dei «hemmelig».