On Thu, 2004-06-24 at 18:44 +0200, Leiv Hellebø wrote:
aha, interessant. vi kan gjere[1] det motsette av dette: viss to ord (på minst tre bokstavar kvar eller deromkring) sett saman utgjer eit nytt ord som er eksplisitt med i ordlista, flagg det som ein mogleg feil. så legg vi inn dei orda som er vanleg å særskrive.
[1] dvs. patche ispell eller aspell eller myispell til å gjere dette
Har eg rett om du tenkjer slik: Vi flaggar alle slike moglege feil, men markerer som feil berre dei som ofte vert feilaktig særskrive.
korleis kan vi vite kva feil som er moglege?
når eg skriv "veranda hage", så finnest ikkje "verandahage" i ordlista, og datamaskinen kan ikkje vite om det er feil utan avansert språkanalyse. derimot kan det hende vi har lagt inn "verandadør" eksplisitt, og då kan vi gjette på at "veranda dør" er feil.
Korleis veit vi kva ord det er vanleg å særskrive?
erfaring. irritasjon over andre sine tekster.
(eg trur ikkje "veranda dør" er spesielt vanleg. :-)
Eg meinte å patche Myspell slik at OOo ikkje ein gong tenkjer på å dele opp einskildord i to. Beklager, det var visst ikkje heilt klart.
Myspell skal ikkje foreslå at brukaren endrar det til to ord, han skal forstå at det er eitt ord som er sett saman av to ord i ordlista.