-----BEGIN PGP SIGNED MESSAGE----- Hash: SHA1
Eg vil gjerne i gang med ein språkvask dei nynorske omsetjingane av GNOME. Dei siste åra har arbeidet vore for dårleg samordna etter at eg lot det liggja og samla støv alt for lenge. Det har kome ein del nye omsetjingar inn, som er vel og bra, men dei skulle nok vore gjennom ein språkvask for å retta opp terminologi og litt grammatiske feil. Dersom nokon held på no med omsetjingar vil eg foreslå at alle PO-filer går gjennom meg inntil vidare. Eg har skrivetilgang til GNOME svn. Eg vil i utgangspunktet ta for meg GNOME HEAD, og evt. dytta endringar tilbake til eldre utgåver i etterkant. Har de nokon synspunkt?
- -- Åsmund Skjæveland