Bør me bruka ordet «sider» eller «kantar» om trekantar og firkantar? Bokmålsordboka seier at ein tre*kant* har tre *hjørner*, mens nynorskordboka hevder han har tre *sider*, og på engelsk har han tre *vinklar* (tri*angle*). Eg synest me bør avgrensa oss til sider eller kantar (to ord som her tyder det same). Men kven skal me velja? Sjølv trur eg eg føretrekker sider.
(Viss nokon lurer, eg ser litt på omsetting av TuxPaint -- eit ganske stilig teikneprogram for ungar i alle aldrar.)