I eit forsøk på å halda oversynet over funskjonsnamna i LibreOffice, laga eg ei liste over funskjonsnamna brukte på bokmål, nynorsk og i Microsoft Excel bokmål. (Eg fann ikkje Excel sine nynorskfiler).
Lista blei først laga til versjon 4.2 og blei ein del diskutert i det dåverande omsetjarforumet den gongen. (Hugsar ikkje årstalet). Ein del nytt er komen til sidan då, så eg har nå oppdatert lista til versjon 7.1 av LibreOffice.
Då eg først var i gang med oppdateringane, tok eg også med forklaringane til namna.
Du finn filene på http://www.stuestoel.no/office/calc/calc-startside.php . Opna menyoppføringane «Funksjonar» og/eller «Forklaringar».
I bokmålslista over funksjonar har eg stort sett brukt tekstfilene. I lista med forklaringane har eg i tillegg brukt bokmålsversjonen. Difor manglar det ein del namn i funksjonslista.
Eg er nokså ufaglært på ein god del av fagområda funksjonane gjeld for, og er difor usikker på om omsetjingane av namna og forklaringane er korrekte. Vonleg finst det nokre fagfolk i dette forumet som kan korrigere omsetjingane.
Eit anna ønskje er å koordinere namna på bokmål og nynorsk.