Fredag 26. juni 2009 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg har no fått retta dette, slik at omsettarane berre står med éi linja kvar. Den oppdaterte statistikken er:
Basert på informasjonen i filhovuda, har eg no for dei historisk interesserte laga ein graf som viser når dei ulike omsettarane har deltatt. Sjå vedlegg.
Dataa skal i *utgangspunktet* vera korrekte, men viss omsettarane hadde slått av funksjonen som oppdaterer filhovuda automatisk, vil det mangla årstal. Det var for eksempel tilfelle for meg for åra 2002 og 2003 (er usikker på om eg var med før – nokon som veit?), men eg har no oppdatert eit par filer med desse årstala.
Dei ulike omsettingsfilene har vore gjennom mykje redigering, flytting, sletting, gjenoppretting og anna, so det *kan* vera andre årstal som har dotte ut òg. Viss du oppdagar noko slikt, er det berre å legga inn rette årstal i filene (men berre legg inn årstal i filer du faktisk endra dei åra). Sjå for eksempel i kde3*-mappene i SVN for å sjå når du arbeida med filene.