Omsetjarnettstaden <URL: http://18n.skulelinux.no/ > er no klar. Han er tospråkleg, slik at dei som føretrekk bokmål får sidene på bokmål og omvendt. Dei fleste nettlesarar let deg velja kva for språk du føretrekk. Dersom du ikkje spesifiserer språk, får du nynorske sider når du brukar i18n.skulelinux.no og bokmålssider når du brukar i18n.skolelinux.no. Dei som er interesserte i det tekniske finn meir informasjon på nettstaden.
Førebels ligg det ikkje så mykje nyttig informasjon ute, men meir kjem nok snart.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes