Eg har nyleg teksta dokumentaren «KDE: The Documentary – The Story of Free Software Underdogs» på nynorsk. De kan sjå han gratis på anten PeerTube eller YouTube:
https://tube.kockatoo.org/w/fFinNHfanLT7aBEb2B8y4c https://www.youtube.com/watch?v=1Vyzla9mx4g
(Slå på nynorsk teksting ved å trykkja på tannhjulet nedst på videoen og så velja tekstspråket «norsk».)
Dokumentaren er eit tilbakeblikk på tretti år med KDE, som opphavleg stod for «The Kool Desktop Environment», men no meir vert brukt om fellesskapet (folka) som lagar KDE-programvara.
Eg synest han var interessant – og faktisk ganske inspirerande. Han er tradisjonell i formspråket (mykje «snakkande hovud»), men godt laga. Han vil vera spesielt aktuell for oss KDE- eller fri programvare-entusiastar og alle som er interesserte i datahistorie. Og alt har ikkje gått på skjener i desse tre tiåra, så det er òg litt drama og konfliktar med, for dei som likar sånt. 😄
Dokumentaren er kanskje ekstra aktuell for oss norskar, då grunnteknologien som KDE byggjer på (Qt), vart utvikla i Oslo, av firmaet Trolltech.
Og litt info om omsetjingsprosessen er kanskje av interesse for dykk her på lista:
Omsetjinga var faktisk ganske utfordrande. Eg måtte følgja tidskodane til den engelske underteksten, og dei var langt frå optimale. Den engelske underteksten var òg meir ei rein transkribering enn ein skikkeleg undertekst, så det måtte svært mykje komprimering til i omsetjinga for å få ein brukbar norsk undertekst. Nokre engelske tekstlinjer var lange, men vert berre viste i kanskje i eitt eller to sekund, og då får ein ikkje tid til både å lesa teksten, oppfatta innhaldet og få med seg kva som skjer på skjermen. Med den norske versjonen er det forhåpentlegvis lettare.
I filmen vert det òg snakka ein del om litt tekniske ting, og der må omsetjinga må vera ganske presis samtidig som ho skal vera forståeleg òg for «vanlege folk». Eg synest alt i alt sluttresultatet vart ganske bra, men døm sjølv. Og meld gjerne frå om de ser noko som er feil eller kan forbetrast. 😃