Bildebehandlingsprogrammet Gimp finst førebels bare på bokmål av dei norske språkvariantane. Eg har omsett det aller meste av Gimp 2.2.11 til norsk (nynorsk), men har ikkje levert inn forslaga til gimp.org m.a. fordi eg i noen tilfelle har funne fram til andre fagtermar enn dei som er brukte i bokmålsutgåva. Sjølvsagt meiner eg mine forslag er best, men reknar med at andre kan vere nokså usamde i denne påstanden. Difor håper eg på at noen i omsetjarmiljøet kan ta seg tid til å sjå på dei to språkvariantane og kome med forslag til felles fagtermar på norsk (bm og nn). Kanskje treng filene også språkvask?
Gimp er eit nokså avansert bildebehandlingsprogram for behandling av punktgrafikk. Dessutan er det truleg eit av dei få som er/(vil bli) omsett til norsk. I tillegg er Gimp gratis (under GNU-lisensen). Brukarane blir truleg å finne innan alle aldersklassar og fagområde. På bakgrunn av alt dette er det ikkje urimeleg å rekna med at språket i Gimp vil bli ein de facto norm for liknande program. Dermed hastar det altså med å finne korrekt språkbruk i Gimp.
Lenker:
Generelt om omsettinga mm: http://home.online.no/~kol-stue/gimp/gimp.html
Miniordliste engelsk/bokmål/nynorsk: http://home.online.no/~kol-stue/gimp/ordlista.html
mo-filer nynorsk:
http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/LC_MESSAGES/gimp20.mo
http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/LC_MESSAGES/gimp20-libgimp.mo
http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/LC_MESSAGES/gimp20-script-fu.mo
http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/LC_MESSAGES/gimp20-std-plug-ins.mo
po-filene nynorsk:
http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/LC_MESSAGES/gimp20.po
http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/LC_MESSAGES/gimp20-libgimp.po
http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/LC_MESSAGES/gimp20-script-fu.po
http://home.online.no/~kol-stue/gimp/nn/LC_MESSAGES/gimp20-std-plug-ins.po
(Dette er ikkje meint som noen negativ kritikk av bokmålsomsettinga. Dei som står bak denne har gjort eit svært godt arbeid).
Ei norsk heimeside for Gimp er under utarbeiding av eit par eldsjeler ved HiA (Høgskolen i Agder) i Kristiansand. Du kan følgje arbeidet på http://www.gimp.no
mvh
Kolbjørn Stuestøl