Kolbjørn Stuestøl skreiv 09.07.2023 21:33:
I sidepanelet som viser stilar, kan eg velje "Spotlight". Alle stilane som er brukte i dokumentet blir då merkte i venstre marg i dokumentet med ein farge og eit nummer som svarar til stilnummera i tabellen over tilgjengelege stilar. Eg har ikkje fått tid til å prøv dette ut, funksjonen kom for nokre få dagar sidan, men meininga er visst at dette skal gjere redigeringa enklare i og med at du for kvar einaste linje ser kva stil som er brukt.
Kva skal vi kalle denne funksjonen på norsk?
Kan «Vis stilmarkørar» fungera som namnet på denne avkryssingsboksen?
Her er ein video som viser korleis den nye funksjonen ser ut og kan brukast: https://www.youtube.com/watch?v=6BULOnGYCII