Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:OF3A42DD3E.3F3882B1-ONC1256BFE.00561907@akershus-f.kommune.no:
Eit alternativ er å setta hermeteikn («») rundt alle kommando- /menyval/knappnamn. IMHO ser dette bra ut. Kva synest de?
Det verkar som ein fornuftig regel. Er det like nødvendig dersom den engelske teksten framhevar kommandonamnet på ein annan måte (t.d. feit skrift)?
IMHO nei. Helst burde all dokumentasjon brukt same notasjon. Men eg synest regelen kan vera 1) Bruk «» i rein tekst, og 2) Kutt ut «» viss kommandonamnet blir vist i ei anna formatering (halvfeit, kursiv eller fargelagt). Elles kunne me kanskje hatt ein regel om at same utheving alltid skal brukast viss han er tilgjengeleg (eks. i HTML), uavhengig av den engelske notasjonen. Kva formatering skal me legga oss på då? Halvfeit eller kursiv?
Ein annan regel som godt kan nemnast er at me kuttar ut ellipseteiknet når kommandonamnet blir skrive i ein samanhengande tekst. Det er ein regel Symbian (Psion/EPOC) brukar, og eg har sett tilsvarande praksis i hjelpetekstar frå Microsoft.
Ja, dette er òg praksis for Mac-program. Skal ta det med.
Har forresten nettopp oppdatert retningslinjene.
Dette blir bra ;-)
Oppdater gjerne retningslinjene sjølv no. Eg har manuelt delt avsnitta inn i linjer, slik at CVS skal fungera betre.