Hei
Etter å ha slite med Fedora så installerte eg Ubuntu for å prøve noko nytt, og eg innser no korleis Ubuntu sine omsettingar ikkje følgjer retningslinjene i det heile. Verkar som om omsettarane ikkje har lese dei.
Uansett. Eg rapporterte det til Launchpad her https://bugs.launchpad.net/ubuntu-translations/+bug/600514 . Får håpe noko blir gjort med det, for eg stirrar no på ein nynorskstreng med «forbereder» og «detaljer» i seg.
Er det riktig at omsettingar må følgje språkrådet for å kunne bli brukt i læringssamanheng? Blei usikker.