Den nynorske grafikken til spelet Tux Typing[1] er no optimert ved hjelp av nokre fikse program[2]. Dette resulterte i ein reduksjon av filstorleiken på nesten 70 %.
Det har forresten vist seg å vera nokre problem med ordlistene, då dei inneheld for mange ord. Dette vil sannsynlegvis bli retta opp i neste versjon av Tux Typing.
Oppdateringar til ordlistene er framleis velkomne.
Viss det er interesse for det, kan eg legga ut den nynorske grafikken og ordfilene på nettet ein plass (for dei som har lyst til å testa dei, men ikkje har tilgang til CVS). Gje i so fall beskjed.
[1] For Windows, Linux og BeOS: <URL: http://www.geekcomix.com/dm/tuxtype/ > [2] png2bmp, bmp2png, pngrewrite, pngcrush -- i den rekkefølgja.