su. den 04. 01. 2015 klokka 15.31 (+0100) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Til orientering er det nokre ekstrafiler som må omsettast for programmet GCompris (som no er ein del av KDE). Sjå vidaresend e-post nedanfor.
Litt meir info om omsettinga av GCompris:
Når det gjeld omsettinga av programmet/spelet sjølv, var det få tekstar som hadde overlevd overgangen frå GTK+-versjonen (og bokmålsomsettinga der var også sist oppdatert i 2007, og såleis ganske utdatert).
For nynorskomsettinga har eg gått gjennom alle tekstane, omsett desse, testa dei i programmet og korrekturlest dei. Dei bør derfor vera ganske bra og språkleg korrekte (meir enn dei engelske originaltekstane er …).
Eg meiner derfor det er betre å ta utgangspunkt i nynorskomsettinga enn dei engelske tekstane når ein skal gjera bokmålsomsettinga. Til hjelp i dette arbeidet har eg derfor køyrt nynorskomsettinga gjennom Apertium for å få ein bokmålsversjon. Alle omsettingane er sjølvsagt merkte som «uklare».
Trur dette vil spara mykje tid. Nokre tekstar er perfekt omsett til bokmål, mens andre treng nokre rettingar. Det kan vera ord som ikkje er omsett i det heile tatt (ofte -ar-endingar i samansette ord), eller ord som er feilomsett (ofte homografar, spesielt for imperativord, der for eksempel kommandoen «flytt» blir til «fløyet», sidan «flytt» vert tolka som perfektum partisipp av «å fly»).
Eg anbefaler å ha ruta med jamføringsomsettingar open i Lokalize, og nynorskomsettinga open i denne.
Merk at der nynorskomsettinga avviker frå originaltekstane, er det nynorskomsettinga som er rett. Dette gjeld teiknsetting (originaltekstane er inkonsekvent med punktum / ikkje punktum på slutten av tekstar) og innhald. Eg har sett kor tekstane faktisk vert brukte i programmet, og tilpassa teiknsettinga og innhaldet etter dette, så alt skal vera rett.
Veldig fint om nokon kan ta på seg arbeidet med bokmålsomsettinga av GCompris. Dette er eit unikt og viktig program, i det at det er eit omfattande leik-og-lær-program for barn – og det er viktig med god språkstøtte. Programmet har nyleg òg blitt tilgjengeleg for Android.
Omsettinga ligg no i kdereview/gcompris_qt.po (men vert truleg flytta om nokre veker).
Veldig fint om nokon kan ta på seg å arbeida med bokmålsomsettinga. Det er 604 tekstar som skal settast om, men sidan ein alt har eit utkast i den automatiske omsettinga frå nynorsk, vil det ikkje vera så mykje arbeid. Fristen for å få omsettinga klar til neste offisielle versjon er 2. februar. Bra om bokmålsomsettinga kan bli nokolunde i stand til det.
Håpar nokon kan ta tak i dette. :)
Ved spørsmål, kontakt meg.