Lørdag 17. mai 2008 skreiv Lars Ivar Igesund:
der den brukbare omsettinga «Nyaste album» er endra til den språklige katastrofen «Dei Nyaste Albuma Dine», og det er hevda denne er godkjend («Reviewed») av meg, noko som sjølvsagt er reint oppspinn, og eg er nær med rekna som direkte ærekrenking.
Eg er usikker på om du kan hevde at det er hevda, sidan di godkjenning er gitt før omsetjinga er skriven.
Nei, godkjenninga kjem etter. Legg merke til årstalet:
Translated by Robert Grønning on 2006-05-23 Reviewed by Karl Ove Hufthammer on 2007-04-04
Skal eg gjette, så er dette heller ein layout feil, slik at det er snakk om godkjenninga av di eiga omsetjing som har vorte plassert på feil plass på sida.
Uansett ville det vore ein rar påstand, då eg aldri har vore inn og godkjent noko i Launchpad.