Onsdag 21. juli 2010 skreiv Åsmund Skjæveland:
For øvrig minner eg om at me har rimelig godt utbygde kontrollar for å få fanga opp slike «formfeil» i nynorskomsettingar. Bruk «check-rules» i Pology. Dette kan òg integrerast med Lokalize, slik at ein får opp berre dei tekstane kontrollane reagerer på. No har me over hundre slike kontrollar, som fangar opp dei alle fleste vanlige feila, og òg nokre uvanlige. Bruk desse kontrollane; det er det dei er der til!
Er dette skrive ned nokon stad? Eg hugsar ikkje alt som kjem på desse epostlistene.
Nei. Me hadde planar om å dokumentera det i dei språklige retningslinjene, men først ville me omsetta og korrekturlesa det meste av KDE ferdig, og ha fleire kontrollar på plass, ideelt éin regel for kvar einaste feil me fann under korrekturlesing. Planen var so faktisk å kjøra kontrollane automatisk, og senda rapporten om språkfeil/språkmanglar her til e-postlista, kanskje éin gong i veka.
No er det ingen som arbeidar aktivt på nynorskomsettinga, so denne framtida er naturlig nok ganske langt framme …
Men kontrollane fungerer, og er veldig lette å bruka. Berre skriv for eksempel:
posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn kdegames
Byt ut «kdegames» med eit anna mappe- eller filnamn. Strengt tatt er ikkje «-slang:nn» nødvendig for KDE-filene, sidan dei alt inneheld informasjon om kva språk dei er på, men det er greitt å ha med for andre .po-filer.
Sleng på «--lokalize» på slutten for å visa alle filene med feil i Lokalize. Visinga vert automatisk filtrert til berre å visa tekstane med feil, og ein forklarande tekst vert vist for kvar feil. Lokalize må alt berre ope for at dette skal fungera.
Om nokon manglar noko å gjera, er dette berre å gå gjennom KDE og retta slike feil. Det er nok av dei … :-)
Noko av den mest nyttige av kontrollane er kontroll av klammeformer og unormerte former. Eg finn meg sjølv rett som det er med å bruka former eg ikkje visste var dette, for eksempel «veggane», «gylden» og «gyllent».