On Mon, 2008-11-10 at 09:37 +0100, Lars Ivar Igesund wrote:
On Monday 10 November 2008 01:03:14 Kjetil Torgrim Homme wrote:
AAC er opplagt eit særnamn, likeeins OpenDAAP, så eg forstår ikkje heilt kvifor du trekk fram desse eksempla.
Dette er gode eksempel fordi det ikkje berre er særnamn, men forkortingar. AAC skal til dømes uttalast a-a-c, ikkje as. Det er forøvrig ikkje særskilt opplagt at forkortingar er særnamn i seg sjølv, sidan fleire reelle særnamn kan kortast ned til den samme forkortinga.
vel vel, så var eg kanskje litt upresis når eg kalla det særnamn. lat oss heller seie, "ord som startar med stor forbokstav", for det er det som er den enkle eigenskapen å sjekke for ei datamaskin.
det er kanskje irrelevant, sidan det er mogleg at den einaste måten å løyse dette på er å leggje ein eksplisitt liste av ord der "aa" skal sorterast som "å" inn i sorteringsalgoritma. ei slik liste burde vere av overkomeleg storleik (ca. tusen :-)