Torsdag 22 desember 2005 23:09 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Støtta for fleirnivåorddeling (på ordlistenivå) er nødvendig for bruk i program med veldig gode orddelingsalgoritmar.
om eg får lov å kome med synspunkt på det syntaktiske sukkeret, så ser dette ganske uestetisk ut. eg vil foreslå at "=" er fyrste prioritet, og at ein valfritt kan leggje til superskript 2 eller 3 for å markere andre og tredje prioritet:
syke=²hjems=plass
Syntaksen eg nemnte var berre meint som eit eksempel; me kan godt ha ein annan.
Men heva skrift vil kanskje vera for komplisert å skriva inn for folk (eg er klar over at Linux-tastaturoppsett gjer det enkelt)?
bussjåfør --> buss-sjåfør fjellandskap --> fjell-landskap
viss det står "buss=sjåfør" i ordlista, kan ikkje då elimineringa av den tredje konsonanten skje automatisk når orddeling ikkje trengs?
Jo det skal kunna gå. Me har so vidt eg veit *aldri* trippelkonsonant i udelte norske ord.
Eg har ikkje sett nøye på formatet, men stemmer det at det ikkje støttar «lause bøyingar» av ord? På nynorsk har me for eksempel ordet «menneskja», som berre eksisterer i bestemt form fleirtal.
i Nynorskordboka står dette oppført som eit vanleg hokjønnsord, så eg forstår ikkje eksempelet.
Var det i den elektroniske du såg i? Denne er ikkje alltid like god reint teknisk sett (og er dessutan håplaust utdatert).
I nynorskordboka på http://ordnett.no/ og i Helleviks vesle gule (eg har ikkje tilgang til den tryke nynorskordboka nett no) står iallfall «menneskja» oppført med denne forma (bestemt form fleirtal) som eineform. Ordnett sine ordbøker er oppdaterte (men ikkje gratis tilgjengelig).
Merk for ordens skyld at «menneskja» og «menneska» er to forskjellige ord, med forskjellige tydingar.