må. den 16. 12. 2024 klokka 21.27 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Lista over namna brukte i reknearket LibreOffice Calc og i Excel er nå oppdatert.
Det er mykje data på mange stader å fine ut av, så eg reknar med at eg har oversett eitt eller anna. Fint om du seier i frå om/når du finn feil.
takk for godt arbeid :)
Det er nokre år sidan namna blei diskuterte i omsetjarforumet, så kanskje på tide å sjå på dei nyaste?
Du finn lista her: https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php
det fyrste eg la merke til var
Nr Engelsk Nynorsk Bokmål Excel (bokmål) 6 ACOSH HYPERBOLSK.SEKANT INVERS.COSH ARCCOSH 7 ACOT ACOT ACOT ACOT 8 ACOTH ACOTH ACOTH ACOTH 17 ASIN ARCSIN ARCSIN 18 ASINH ARCSINH ASINH ARCSINH 19 ATAN ARCTAN ATAN ARCTAN 20 ATAN2 ARCTAN2 ARCTAN2 21 ATANH ARCTANH ATANH ARCTANH […]
(håper tabellen vert leseleg for dykk, han inneheld litt TAB og slik)
dette verkar litt lite konsekvent på meg, også i bokmåls-Excel! det burde vere konsekvent "A" eller "ARC" som prefiks, synest eg, og reint personleg likar eg best "ARC".
det er meir leseleg med HYPERBOLSK som prefiks enn med H som suffiks, men det spørs om det er verdt å avvike frå alle andre. folk er også vant med H-suffiks i alle andre samanhengar.
må innrømme at "sekant" hadde eg heilt gløymt. sec(x) = 1/cos(x). eg trur både nynorsk og bokmål er feil her (linje 6).