Petter Reinholdtsen skrev:
[Axel Bojer]
Jeg har opplevd det samme når jeg har prøvd å verve flere til å rette ord.
Jøss, er vi igang med å rekruttere? Jeg trodde vi fortsat avluset systemet, og mistenker at vi kan ende opp med å starte på nytt med andre ordklasser og flere utgangsord. :)
Trur ikkje vi treng å starte på nytt. Alt kan fiksast ved å reinske kjeldefila. Men vi er vel eit stykke unna frå å aktivt rekruttere folk til innsats enno. Det er ein del som bør fiksast først. Her er ei liste som eg synes bør vere for det meste oppfylt.
1. Bli einige om format på ordklassar og bøyingsformer. 2. Spikre alle format på felta i filformatet, og godt dokumentert. 3. Resultat og statistikkar tilgjengeleg på web. 4. Mulighet for enklare bidrag (berre godkjenne eller avvise ord). 5. Eit byggesystem for listene. 6. Autentisere bidrag, eventuelt mulighet til å spore kven som bidrar. 7. Mulighet til å bidra ved hjelp av nettlesar.
Punkt 5 kan eg tenke meg er ulike meiningar om. Men eg meiner alle bidrag bør signerast. Kanskje det er nok å luke ut på avsendaradresse i første omgang. Men ei form autentisering og sporbarhet bør det i alle tilfelle vere. Slik det er no kan alle sende inn bidrag utan å leggje inn noko i EDITOR:-feltet, og då er mulighetene for å misbruke systemet stort.
Ei webbasert løysing bør ha ein innloggingsfunksjon. Men det kan vere nok at brukaren sjølv opprettar ein konto utan at nokon treng å godkjenne vedkomande.
Punkt 6 og 7 er nok ikkje absolutte krav for å fyre i gang i større skala.
Punkt 5 er vel ikkje så mykje arbeid. Petter har vel lært seg det gamle byggesystemet etterkvart og det er vel ikkje så mykje som skal til får å bruke det på det nye. Det som er jobben er å automatisere dette.
Synspunkt?
Håvard