Hei. Spell-norwegian-heimsida[1] seier at prosjektet inneheld:
* Affix rules (in ispell format, automatically transformed to aspell and myspell format).
Så då eg lasta ned ordbokpakka (no_NO-pack2-2.2.zip[2]), venta eg at dei affiksfilene som fylgde med, var ispell-kompatible. Og òg Readme-fila i denne pakka opplyser at det er ei Ispell-pakke: «README-file for the distribution of the Norwegian dictionaries for ISPELL.»
Men då eg køyrde Ispell sin hash-produksjonskommando[3], fekk eg melding om feil på fyrste line i affiks-fila. (Eg fek òg melding om feil i ordboka - men dette retta seg når eg sette lineskiftformat til MacOS format - spør meg ikkje kvifor.)
Grunnen til feilmeldinga for affiksfilene syner seg vera at dei affiks-filene som vert distribuerte i denne paka, er i Hunspell-format - og ikkje i Ispell-format.
Dei opphavlege - og Ispell-kompatible - affiks-filene, ligg i staden i spell-norwegian-pakka[4] og heiter "nn.aff.in" og "nb.aff.in". Då eg køyrde buildhash mot desse filene (iallfall galdt det bokmålsversjonen), gjekk det stort sett bra - men det kom nokre feilmeldingar (for orddboksord som hadde punktum i seg mm). Eg veit ikkje om dette kom av avgrensingar i Ispell eller om det kom av at ispell-affiksfilene ikkje har vore oppdaterte på ei stund eller om ordbøkene ikkje lenger er ispell-kompatible.
At sjølve ordbokpakka manglar affiksfiler i Ispell-format, ser ut til å ha vore tilfelle i mange år.
Framlegg (under føresetnad av at ispell og hunspell har same ordbokformat): Affiksfilene for både ispell og hunspell (og aspell?) bør distribuerast saman med ordboksfilene (og det bør gå fram av namnet på affiksfilene kva for eit affiksfilformat det er snakk om).
[1] http://no.speling.org/ [2] https://alioth.debian.org/frs/download.php/file/4168/no_NO-pack2-2.2.zip [3] buildhash nn_NO.dic nn_NO.aff nn_NO.hash [4] https://alioth.debian.org/frs/download.php/file/4167/spell-norwegian-2.2.tar...
Med venleg helsing Leif Halvard Silli