Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org skreiv i innlegget news:n2m-g.Xns9288C3ADE916Ehuftis@ID-99504.news.dfncis.de:
Eg har no lagt ut ein database over landskodar (ISO-3166-1-alpha-2) og landsnamn på engelsk, fransk, nynorsk og bokmål på 'skolelinux/www/i18n/kodar/land.xml'.
No er 98 % omsett. Dei resterande landa/områda finst det ikkje offisielle namn på.
Eg har òg gått gjennom *alle* PO-filene, og fiksa språk- og landsnamna i dei. Det er noko av det meste kjedelige eg har vore med på. ;(
Kjør «update» på CVS (og oppdater eventuelle PO-ordlister), slik at de ikkje arbeidar med utdaterte filer.
Eg *trur* eg har fått med meg det meste, men det er sikkert noko eg har oversett.
Litt trivia:
- Omtrent *ingen* klarte å stava «Aserbajdsjan» eller «aserbajdsjansk» rett. Men det var mange fantasifulle forslag - Omtrent ingen hadde fått med seg s-en i «Tsjekkia»/ «tsjekkisk» - Det same gjeld j-en i «Jemen». Det heiter ikkje «Yemen» på norsk. - Antarktis og Antarktika er ikkje det same. Rett omsetjing av «Antarktica» er «Antarktika». Dette var konsekvent feilomsett. - Hongkong skriv me i eitt ord! - Ei anna vanlig feilomsetjing var «Kirgistan». Dette skal vera «Kirgisitan». - Canada skriv me ikkje med «k» på norsk. Men me *kan* skriv «kanadisk». - Det finst eitt land med ein ganske kula stavemåte på norsk: São Tomé og Príncipe - Karibien er dansk (ev. Se og hør-språk). På dansk seier ein Spanien, Italien og Karibien. På norsk *skal* det vera Spania, Italia og Karibia. - «Solomon Islands» heiter Salomonøyane på norsk, med «a»! - Congo er ikkje Kongo. Dvs., det finst to forskjellige statar ein lett kan blanda saman. Den demokratiske republikken Kongo (tidligare Zaire), heiter «Kongo», mens Republikken Kongo heiter «Kongo-Brazaville». For forvirringa si skyld kalla amerikanarane Kongo-Brazaville for Congo. Oppsummering: Congo --> The Republic of Congo --> Kongo-Brazaville Congo, DE --> The Democratic Republic of Congo --> Kongo - Noko tilsvarande gjeld for Korea-statane: The Republic of Korea --> Sør-Korea The Democratic People's Republic of Korea --> Nord-Korea - Brunei kallar me Brunei Darussalam på norsk - Ingenting heiter «Comores» på norsk. Det er «Komorane» på nynorsk og «Komorene» på bokmål. Og dei har favoritt- flagget mitt. - Ein plass var «Holy See» omsett til «Dødehavet». Holy See er *Vatikanstaten*! - Det finst kjempemange skrivefeil i dei engelske original- tekstane.
Elles har eg brukt følgjande prinsipp, som de bør følgja ved vidare omsetjing av språk/land.
Me brukar ikkje skråstrek, men heller parentes: Ikkje: Engelsk/USA Kinesisk/Forenkla men Engelsk (USA) Kinesisk (forenkla)
Me brukar alltid forkortinga «USA», og skriv «Storbritannia»: Ikkje: Engelsk (De forente stater) Engelsk (Amerikansk) Amerikansk engelsk Engelsk (UK) Engelsk (GB) Men: Engelsk (USA) Engelsk (Storbritannia)
Nynorsk og bokmål skal ha små førstebokstavar Ikkje: Norsk/Nynorsk Norsk Nynorsk Norsk (Nynorsk) Men: Norsk (nynorsk)