Torsdag 16. juni 2005 12:35 skreiv Axel Bojer:
Hvis vi først skal gå i gang med typografi, så kaqn vi vel like godt legge til noen flere,
Er dei aktuelle? Det har inga hensikt å legga til ord som me ikkje kjem til å omsetta. Eg trur det er betre anvendt tid å bruka ho på *faktiske* programtekstar me har problem med å omsetta.
Kerning - Minske mellomrom mellom tegn. For eksempel mellom A og V. -> kerning?
Ja. Me har òg omgrepet «utlikning», men kerning kan vel heller beskrivast som «parvis utlikning». «AV» i eksempelet ditt er eit «kerningpar».
Som ein kuriositet kan eg legga til OOo-utviklarane ser ut til å ha omtrent like mykje (les: veldig lite) fornuft som Microsoft-utviklarane på dette området , og har *slått av* kerning som standard!!! Og ja, det finst ein feilrapport på dette, som eg anbefalar alle å stemma på.
Forøvrig: Verken KWord eller AbiWord støttar kerning, noko som gjer dei heilt ueigna til produsering av dokument som skal skrivast ut og lesast. Feilrapporten til AbiWord ligg på: http://bugzilla.abisource.com/show_bug.cgi?id=949
Forøvrig vil kerning kunne vera både minsking *og* auking av mellomrommet mellom bokstavpar, iallfall i datasamanheng.
Tracking – Kniping. Øking eller minsking av mellomrom mellom bokstaver-> kniping
Kniping og sperring.
bokstaver. Leading – Skytning. Linjeavstand. Baseline – Linja for tegnenes utgangspunkt. Baseline shift – Linja for tegnets utgangspunkt flyttes opp eller ned. Gutter – Mellomrom mellom spalter. -> ?
*Eller* innermarg i bøker.
Men alt dette er uaktuelt for vanlige tekstbehandlingsprogram, der ein heller brukar omgrep som «line height» (linjeavstand) og «column spacing».